fra Anne

Paal-Helge Haugen

33

272      Men følger der dog ikke mange synder av slike naturlige
begjæringer
Jo visselig
Det skyldes naturens dype fordærvelse som følger med i alle ting og som
gjør den uskyldige lyst umaadelig og uren hvis vi ikke flittig
vaaker og kjemper derimot
273      Hvilke er de syndige ting som særlig vekker onde lyster
Disse er
1      De overflødige overdaadige og vellystige ting
2      De fremmede ting





36

På den kvitmåla veggen biletet av hans liding.
Krossen, underleg skinande og vakker. Eit glatt tre utan greiner,
og over heng toreskyene lågt
Nakken hans er djupt bøygd, nakken med ungt krusa hår. Eg kan ikkje
sjå andletet. Det dryp raude dropar under klungeren.
Fri oss. Fri oss. Knus alle blanke våpen. Gje mennene reine hender.
Mange barn er enda ikkje fødde. Torskyene heng lågt, nesten svarte.

Dette er mitt Legeme. Fire naglar gjennom føtene,
slått inn mellom berre sener. Blod i purpurstriper,
stivna på den magre sida.

Jeg tørster

Ved foten av krossen ei kvinne med stive augo,
den eine armen utstrekt med open hand.
Maria. Maria. Eg veit du ikkje kan sjå han.
Eg veit du kjenner naglane i ditt kjøt.
I kveldslyset skin den nakne bringa gult.
Bak det kløyvde forhenget ei mumling
av rustne knivar.





51

Når smittestoffet har slått seg ned i lungene, blir det danna hampefrøstore, gråleg-kvite knutar i lungevevet. Det blir også danna ei seig gul væske i lungeblærene, denne væska inneheld avstøytte celler frå veggene i lungeblærene og kvite blodceller. Talet på knutar aukar, og etter kvart flyt deg saman til større knutete massar. Dei sentrale delane av desse massane døyr etter ei tid vekk, konsistensen blir laus, osteaktig, og det blir til slutt danna større og mindre holrom inne i knutane. Ofte kjem det også nedslag av kalk. Holromma får glatte kapselkledde vegger. Medan denne utviklinga pågår, blir gjerne veggene i fleire blodårer brotne. Når det gjeld små årar, viser det seg ved at pasienten får ekspektorat med lyseraude striper eller flekkar.





57

Kvar mogron stå opp av senga. Gå over golvet til bordet, til spegelen.
Seks steg fram. Dette er viktig. Seks steg.
Lukten av lut når eg tar såpa. Mugga full av vatn, det sit små bobler av
luft oppover langs innsida.
Kjenne andletet vått, huda skjelv mot vatn, det kjem litt inn i munnen.
Mugga har stått her i natt medan eg sov, vatnet er lunka.
Håret er matt og slett nå. Ein knitrande lyd under kammen når eg greier
Det ut. Ikkje sjå mykje i spegelen, ikkje sjå andletet tydeleg.
Eg veit det likevel.
Syg meg fast i denne morgonen, held.





61

VORT LEGEME SKAL HAN OS GIVE
IGJEN MED HUD OG HAAR
SOM VI VAR I LIVE
DOG MED ANDRE VILKAAR





65

Når eg ligg heilt stilt: Harde hjarteslag
i skapet. Blaute holer i golvplankene
framfor senga. Det bryt fram. Roser av
blod og støypejern. Mørk lukt av kjøt,
kjønn
Snegler over neglene mine
Hestesveitte, blå vegar under buken
Våte speglar
Torvesong      Bleik sol
Mitt skip lasta med hender
Ormen kryp gjenom eit auga av stål, og Kristus
står i hagen, kledd som lønnetre





67

Månen har store flekkar av sopp og mugg
Hete hete kaste seg i havet            Skriv dig
Jesus paa mit hjerte      under mold og stein mold
og stein
Lange sovesaler med sveipte barn
Metallvind            Lukt av dyr
Sanden drys under huda            Hege naken i skogen
                                                Hender munnar
Judas stikk nåler gjennom levande
Blinde kattungar leitar etter spenane      etter store
kjer av brusande regn
Eldtunger
i
spegelen            Tette stimar av bajonettar gjennom auga





73

Inn i det tomme rommet kjem ei kvinne på om lag femti år, spedbygd
og noko krum i ryggen. Ho er kledd i ei lang kvit kappe, og har eit
tørkle over håret.
Senga og stolen blir flytt midt ut på golvet, skapdørene lukka opp, bile-
tet av den krossfeste blir tatt ned og lagt på bordet. Det står ein lysare
firkant att på den gulna veggen.
Vindaugo blir godt lukka og nøkkelholet stoppa att med bomull.
Det er varmt i rommet, i omnen ligg ennå glør. Midt på golvet blir det
plassert ei stor balje med kaldt vatn, og oppe i den ei mindre sinkbøtte.
I bøtte blir det tømt finfordelt overmangansurt kali, formalin og kokande
Vatn. Kvinna rører med ei tresleiv, og formalindampen byrjar å stige
tett opp frå det brusande vatnet.
Ho ksundar seg ut av rommet og lukkar døra godt etter seg. Rommet
er snart fullt av formalindamp.
Etter 7-8 timar kjem ho inn med eit vått tørkle framfor munnen, og set
dører og vindauga opp. Ute er det skarp vind, og kaldt.





76

KOM MENNESKE AT SKUE MIG
DU ER, JEG VAR I LIVE
PAA JORDEN HAR JEG LIGNET DIG
HVA JEG ER, SKAL DU BLIVE





77

Dei brenner klede bak uthuset. Ein raudrutete kjole, ein blå stakk, lange
gulna strømper av ull, ei grå vadmålsjakke med sølvborder, skjorter,
eit rosete tørkle.
Det er vanskelig å få det til å brenne.