Fire Dikt

Dag T. Straumsvåg

Optimistar

Telefonkatalogen blir tynnare og tynnare. Folk forsvinn frå fotografi for aldri å kome tilbake. Dører uopna i årevis blir borte i buskas og blomar på tapetet. Hundreår går på ein time ved kjøkenvindauget. Einsam i lugaren sin byrjar Columbus på eit brev: “India må vere Paradis—umuleg å finne før ein er død.” Likevel fann Columbus India. På same måte som vi finn sanninga om liva våre og står opp kvar morgon med fornya energi. Ei verktøyrad i giv akt framom kartet av terra incognita. Handverkaren snur timeglaset: kvart sandkorn fell som ein stein.




Andpusten

Eg er alltid litt for seint ute til det som skjer i livet mitt. Det er derfor eg aldri har landa ein anstendig jobb, aldri har ete meg skikkeleg mett. Eg er ikkje der når dei viktige avgjerdene blir tekne, men eg kjem springande når alt er over, andpusten og småsvolten, akkurat i tide til å sjå bussen køyre ut av stasjonen. Viss eg hadde ein bil ville eg følgd etter bussen ut av byen for å sjekke at du ikkje stod av, at eg ikkje venta på deg der, haldeplass etter haldeplass, utan noko å by deg, utan noko å seie.




Evaluering om hausten

Vi sit i parken, og vi er ikkje lykkelege. Kald vind, ingen pengar, og Gud veit kva anna som heng i ein tynn tråd over hovuda våre. Prognosane for vinteren er dystre. Vi bad om for mykje: gull og grøne skogar i staden for brød og mjølk, det beste geværet. Livet er ganske enkelt, eit spørsmål om treff eller bom. Måneskin silar ut av eit hol i skyene. Vi går i sirklar som karusellhestane på tivoli, og i bingohallen står bestemor ved speleautomatane og prøver å vinne over vonløysa si.




Endelaus vidde, skyer 

“Ser du ikkje?” seier ho, “livet vårt har gått sund.” Og peiker på mingvasen i tusen bitar på golvet—blå og kvite vidder, fjerne vatn og flekkar med snø. Over tregrensa vibrerer solbarduner gjennom hol i skyene og held jorda stø. Vindflager rislar i lyngen og støkkjer ei rype framom føtene mine. “For eit rot,” seier ho og går for å hente støvsugaren.