Dødsvariasjonar

Jon Fosse

Artwork by Olaya Barr

DEN ELDRE KVINNA (snakker for seg sjølv):
Som var det der alltid
og aldri
og ikkje kan det skjønast
og aldri kan det
forlatast
Det er eit liv
med ei anna forsoning
enn den vi no vil sjå

DEN ELDRE MANNEN (ser mot henne, undrande):
Vil sjå

DEN ELDRE KVINNA (held fram som om han ikkje er der):
Og det tar sine opningar fatt
(Kort pause.)
men går vidare
og vidare
inn i ei natt
openberr

DEN ELDRE MANNEN:
Kva snakker du om

DEN ELDRE KVINNA (held fram som om han ikkje er der):
inn i ei natt
ein forklåra samanheng
der tilkortkomming rår
og lar seg forstå
som at ein forstår
kva det er å forstå

DEN ELDRE MANNEN (undrande):
At ein forstår

DEN ELDRE KVINNA (ser mot han):
Ja at ein forstår
Hun går litt frå han, ser mot han
Det er så fælt
Eg forstår det ikkje
(Han nikkar.)
At ho kunne
(Bryt seg av.)

DEN ELDRE MANNEN (rister oppgitt på hovudet):
Nei
(Kort pause.)
eg forstår det ikkje

DEN ELDRE KVINNA:
Vi skulle ha gjort noko
Ja for lenge sidan

DEN ELDRE MANNEN:
Ja
(Pause.)

DEN ELDRE KVINNA (fortvila):
Vi må gjere noko

DEN ELDRE MANNEN:
Vi kan ikkje gjere noko

DEN ELDRE KVINNA:
Er det for seint

DEN ELDRE MANNEN:
Alt er for seint

DEN ELDRE KVINNA:
Kvifor gjorde ho det

DEN ELDRE MANNEN:
Eg forstår det ikkje

DEN ELDRE KVINNA:
Den einaste dotter vår
Den einaste
(Bryt seg av.)

DEN ELDRE MANNEN (held fram):
Det einaste barnet vårt

DEN ELDRE KVINNA:
Men det kan ikkje være slik
Det går ikkje an
(Pause.)

DEN ELDRE MANNEN:
Ho følgde døden sin

DEN ELDRE KVINNA:
Ikke sei det
Ho kan ikkje være død
Det er ikkje slik
(Kort pause.)

DEN ELDRE MANNEN:
Ho er død
Ho er borte
for alltid borte

DEN ELDRE KVINNA:
Ho kan ikkje vere borte
Det går ikkje an

DEN ELDRE MANNEN:
Nei
(Pause.)

DEN ELDRE KVINNA:
Og at ho kunne gjere det

DEN ELDRE MANNEN (brått):
Kan du ikke gå
Eg vil at du skal gå

DEN ELDRE KVINNA (overraska):
Vil du at eg skal gå

DEN ELDRE MANNEN:
Ja

DEN ELDRE KVINNA:
Men vi
(Kort pause.)
ja vi
ja det er jo berre oss to att
no når ho er borte

DEN ELDRE MANNEN:
Du må gå
(Kort pause.)
for eg klarer ikkje
å sjå andletet ditt
(Ho går litt frå han.)

DEN ELDRE KVINNA:
Eg tenkte berre
ja eg måtte jo
ja fortelje det til deg

DEN ELDRE MANNEN:
Ja
(Kort pause.)
Men
ja
ja du kan ikkje vere her lenger
Du må gå
(Pause. DEN UNGE KVINNA, ho er gravid, kjem inn og går mot DEN ELDRE KVINNA, dei ser mot kvarandre.)

DEN ELDRE KVINNA (til DEN ELDRE MANNEN):
Alt er så lenge sidan
Eg hugsar meg sjølv
då eg gjekk med henne
(Kort pause.)
Men det kjennes ut
ja nesten som om
(Kort pause.)
det aldri har skjedd
(Kort pause.)
Er det ikkje slik for deg òg
(Han nikkar. DEN UNGE KVINNA tar seg til magen, står der og kjenner etter, og Vennen kjem inn, han ser mot DEN UNGE KVINNA, ser så ned. DEN ELDRE KVINNA og DEN ELDRE MANNEN ser redde mot han, dei ser så ned.)
Og eg vil ikkje meir
(Kort pause.)
for alt er ei forsvinning
(Kort pause.)
Eg har ikkje lenger nokon grunn
(Pause.)
Så dumt sagt
(DEN UNGE KVINNA snur seg og ser DEN UNGE MANNEN komme inn og gå mot henne, dei møtest, omfamner kvarandre, går så litt ifrå kvarandre, ser mot kvarandre.)
Eg er ikkje meir
Eg vil ikkje meir

DEN UNGE MANNEN (til DEN UNGE KVINNA):
Ja så var vi her endeleg
tok si tid det der
å prate med han der galne verten
(Kort pause.)
Men no
(Lykkeleg, tar fram eit nøkleknippe.)
No
Ja no har vi endeleg fått oss ein stad å bu
Er det ikkje bra

DEN UNGE KVINNA:
Veldig bra
(Kort pause.)

DEN UNGE MANNEN:
Vi har jo budd
ja kor mange plasser
har vi budd
Det er ikkje få
i alle fall

DEN UNGE KVINNA:
Heilt utruleg mange
(DEN UNGE MANNEN ser mot DEN ELDRE MANNEN, dei ser så begge ned og DEN UNGE MANNEN ser mot DEN UNGE KVINNA, ho står og ser seg rundt.)

DEN UNGE MANNEN:
Der er ikke så gale her
(Kort pause.)
Vi kan godt bu her
i alle fall ei stund
Det er jo berre ein kjellar
Og det er sikkert rått og kalt her
Men
ja
(Kort pause.)
det var jo det einaste vi fekk tak it

DEN UNGE KVINNA:
Eg liker meg ikkje så godt her
jo kanskje er det greitt nok
i alle fall når du er her
er det greitt nok
ja
(Ho smiler til han.)
Men han der verten var jo heilt forferdeleg
(Kort pause.)
Eg får ikkje håpe at han kjem til å plage oss
banke på
og greier

DEN UNGE MANNEN:
Det går sikkert bra



Click here to read a selection of Jon Fosse's fiction, Scenes from a Childhood, translated by Damion Searls, from the Spring 2018 issue.